– Det at vi nå stiller klokka ein time fram, betyr ljosare ettermiddagar, og at det er vår i lufta. Ved å stille klokka ein time fram «mistar» vi timen mellom klokka 02 og 03. Denne timen vil vi derimot få attende til hausten når klokka igjen skal stillast attende til normaltid, seier næringsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.

Som ansvarleg for Justervesenet er det næringsministeren som avgjer kva som er riktig tid her i landet.

Natt til sundag 31. mars skal klokka stillast ein time fram.

I EU har det pågått ein diskusjon over tid om landa skal slutte å stille klokka. Saka er framleis til behandling hjå Rådet for den Europeiske Union.

– Vi kjem til å avvente beslutninga frå EU før vi tek stilling til om vi skal slutte å stille klokka. Av fleire omsyn, mellom anna til næringslivet, vil det vera ein fordel å ha same løysing som våre nærmaste naboland, seier næringsministeren.

I dag har både Sverige, Finland og Danmark sommartidsordning som oss. Russland og Island har det ikkje.

Den historiske grunnen til sommartidsordninga var energisparing. Nokre land innførte sommartid under fyrste verdskrig for å spare kol som skulle brukast i krigen. Det blir sagt at George Hudson var den fyrste som kom med forslag om sommartid. Han var forskar og ynskte seg meir sol på kvelden for å drive med insektsamling.