– Det var full konsentrasjon og innsats under helgas dansekurs for ungdom i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule, kan Kari og Per Øyvind Ørjasæter opplyse.
Instruktøren, Solveig Brekke Hauknes, hadde stålkontroll på alle steg og lærte bort både polka, reinlender, vals og masurka til læreviljuge ungdomar.
– Dei er klare for dans og moro i jula, det er heilt klart, melder Ørjasæters.