Representantar frå Anlegg Øst AS, Skjåk kommune, NVE og Lom og Skjåk brannvesen vil vera til stades under ei beredskapsøving som blir gjennomført ved Signegarden i Bismo i dag, tysdag, i samband med NVE sitt flaumsikringsarbeid.

Det opplyser prosjektleiar Jan Erik Braaten Sandum til Fjuken.

Øvinga vil skje frå klokka 11.30.

– Her vil ein øve på eit simulert utslepp av diesel eller olje frå maskin på anlegget og ut til Ottaelva. Framgangsmåten blir at ein slepper ut fargestoff i vatnet og øver med lenser, for å hindre vidare spreiing, opplyser Braaten Sandum.

Han legg til at fargestoffet er ufarleg og i samråd med Skjåk kommune.