Fredag 24. februar inviterer kommunen alle til folkebiblioteket i Bismo for å syne solidaritet med alle som ikkje har det bra i verda.

– Det er mange land som er i ein konflikt eller er ramma av katastrofar og mange menneskje må flykte frå landet sitt. Den 24. februar er det eitt år sia Russland invaderte Ukraina. Vi held ope hus på eftastid for alle som vil kome for ein prat og tenne eit ljos, heiter det i ei melding frå kommunen.

Det vil bli servering av kaffe og vaflar.