Som ansvarlege vegeigarar førebur både Vegvesenet og fylkeskommunane seg så godt som råd på dei ulike scenaria vintervêret dei næraste dagene kan gje.

Dei har tilgang på vêrdata og værprognosar, og planlegg vinterdriftstiltak som salting, strøing og brøyting ut frå dette. Ustyret er klart, og vaktlaga er klare.

Samtidig er det viktig å understreke at dette ikkje berre handlar om kva Statens vegvesen og fylkeskommunane gjer.

Også den enkelte trafikant har eit ansvar.

Ha på vinterdekk, ha ekstra mat, drikke og varme teppe i bilen, og ikkje minst:

Vurder om du kan la bilen stå, om dette er ein køyretur du er helt nødd til å ta.

Trafikantane har ansvar for å vise omsyn, tilpasse farten etter forholda og at bil og dekk tilfredsstiller krava.

– Å ferdast trygt på vegen er ein dugnad, presiserer Statens vegvesen i ei pressemelding.