av Lars Brustugun

Mari var fødd i 1892. Ho voks opp i fattige kår, levde i usle kår all sin dag og hadde ein lei lagnad. Så snart ho var til det, måtte ho ut i teneste på gardar rundt om i bygda. I 1916 kom ho «i ulykka», ho fekk ein son, men var ikkje gift. Han som tok på seg farskapet var 39 år eldre enn Mari.

Han åtte ein liten gard, var gift, men barnlaus. I fylgje bygdeboka skøytte han gardsbruket over til ei brordotter i 1916. Det er truleg at han passa på å få dette ordna før 16. juli da sonen kom til verda. Elles ville sonen hatt rett på arv, og det kunne vorte annleis å vera Mari. For frå 1. januar 1916 byrja dei Castbergske barnelover å gjelde, der bl.a. «uekte» barn vart likestilte med «ekte» barn når det galdt arv. Han skulle betalt underhaldningsbidrag – men om han gjorde det, noko styresmaktene etter dei nye barnelovene hadde høve til å sjå til med, det er meir enn uvisst.

Mari hadde ei syster i bygda. Ho var inngift på ein liten gard og hadde tretten barn, så ho hadde det nok meir enn stritt nok med sitt.

Eine råda for Mari var å halde fram i teneste på forskjellige gardar. Det vart vanskeleg å ha med seg gutungen, han vart eit påheng. Truleg var det foreldra hennar Mari som tok seg av guten.

Tjue år etter at Mari fekk sonen, gifta ho seg med Kristen som var 31 år eldre enn henne.  Året før Mari gifta seg, flytte sonen frå bygda. Det var nok smått med kontakt mellom mor og son både før og etter.

Mari og Kristen flytte inn i ei stugu oppi lia på det som hadde vore ein ørliten husmannsplass ovafor ein bra stor gard. Rundt stugu var det lagt opp ein gråsteinsmur som gjerde. Muren var låg så det var dynga oppå med einer til såkalla brot-hafelle. Etter ei tid hadde borken gått av eineren, og frå nedi bygda skein den kvite kransen av einer rundt den vesle stugu. Meir skulle det ikkje til før bygdedyret var frampå med kaldgliset sitt. Gjerdet vart til månegard, og Mari vart Mån-Mari. Her var det ingen nåde, ho var ei som det berre var til å flire åt.

Etter 12 år døydde Kristen, og etter den tid budde Mari åleine. Ho fekk sine daskar i livet. Eine dasken skal ha vore særskilt hard. Ho pla gå til gudsteneste og til altars. Så opplevde ho, korleis det kan ha gått til, at da det kom ny prest, gjekk han forbi henne ved altarringen. Å kjenne på at ho ikkje vart rekna verdig til nattverden, tok ho så tungt at ho slutta å gå ut blant folk. Ho vart eit nattmenneske.

Det vart enda vanskelegare å vera Mari. I svarte armoda og truleg i håp om at det ikkje skulle bli oppdaga, begynte ho å stela. Særleg ille var det at ho stal mjølk frå transportspann og fylte etter med vatn. Det vart meldt, og ho vart dømd til 30 dagars fengsel for å ha stole like mange liter mjølk. Ein med diktargivnad og velutvikla sosialt samvit harselerte i ei vise med dirrande harme over dei som hadde meldt ho, og resultatet vart at Mari slapp å sone straffa. Eitt av versa lyder slik: Nei, ho var ‘kje av kjeltringa’n store/som får drive sitt spel i Guds fred./Gamle kjerringa taka dei torde/for ho var det ‘kje farlegar’ med.

Da Mari var i 70-årsalderen fekk bygda helsesyster. Ho fekk høyre om Mari og reiste heim til henne. Stugu stod så vidt det var, inne kunne ein trakke gjennom rotne delar av golvet, einaste utstyret i senga var ein skinnfell,  og det vesle ho hadde av mat var bederva. Helsesystera kontakta sjukeheimen og ordføraren, og det vart starten på ein fin omsnunad på livet hennar Mari. Det vart rydda, vaska og reparert, og via sjukeheimen fekk Mari seng med alt utstyr.

Med sjukeheimen vart det laga avtale om bading ein gong i veka, same dagen som det var misjonssamling i prestegarden. Han som nå var den nye presten, Georg Hille, var ugift og budde saman med mor si. Det var ho som heldt misjonssamlingar. Her vart Mari tatt inn i flokken og tok del i mange år. Det utvikla seg til vennskap mellom Mari og presten og mor hans, og dette var med på føre Mari attende til samfunnet og gje ho ei ny verdigheit. Ho gøymde seg ikkje bort lenger. Hille sa at han gløymer ikkje fyrste gongen Mari kom attende til kyrkja. Han fekk sjå Mari koma forsiktig fram og leggje seg på kne ved altarringen for å ta mot nattverden.

Georg Hille gjekk ikkje forbi henne, ikkje ved altarbordet og ikkje elles. Han var prest, men også samaritan.