For 16. år på rad kan ein gjera seg klar til hagefuglteljing i slutten av januar. Under teljinga i 2022 vart til saman 722.000 fuglar i nesten 13.400 hagar telt og rapportert. Det er rekorddeltaking.

Bjørkefink på topp

Teljing er en god metode for å ta «pulsen» på naturen. Totalt sett går talet småfugl ned, men nokre artar opptrer i store mengder. Fjorårets vinnar var bjørkefink, med 104.000 rapporteringar. Vêrforholda under teljinga er sjølvsagt også avgjerande. I det meste av landet var vinteren mild. Det gjev færre fuglar på brettet.

I Sel, Vågå, Lom og Skjåk vart 7.667 fuglar fordelt på 32 artar rapportert.

Landsdekkande var som vanleg kjøttmeis den mest utbreidde arten under teljinga, og vart funne i ni av ti hagar. Over 90.000 vart rapportert.

I Lom var også kjøttmeisen på topp, med 171 fuglar. I Sel vart det observert heile 655 bjørkefink, og i Vågå toppa dompapen med 201. I Skjåk var det pilfinken som dominerte med 222.

Mykje grønfink

Landsdekkande hadde grønfinken eit løft. Under teljinga i 2022 kan det sjå ut til at den negative trenden dei siste ti åra er broten. Også i Ottadalen var grønfinken blant dei ti vanlegaste artane. Grønfinkens nære slektning, grønsisiken, hadde også eit godt år i 2022. Sjølv om den ikkje var ti på topp med omsyn til utbreiing, var grønsisik den 10. mest talrike arten under teljinga, med nærare 26.000 individr rapportert frå 18 prosent av hagane.

Uvanlege besøk

Som vanleg dukkar det også opp nokre uvanlege fuglar under teljinga. I Vågå vart det observert ein gråspett, i Skjåk ein hønsehauk og to spurvehauk, i Lom ein overvintrande stær og i Sel to trekryperarar.

– BirdLife takkar alle som var med på Hagefuglteljinga 2022. Folk gjer ein kjempejobb, og er viktige bidragsytarar til å forbetre kunnskapen om våre vanlegaste hagefuglar om vinteren, heiter det i ei melding frå lokallaget.

Rapportskjema finn ein på BirdLifes heimeside.