Skjåk Arbeiderparti meiner at alle elevar som har søkt studiespesialisering ved den vidaregåande skulen i Lom, må få gå der.
– Skulen betyr mykje for eksistensen i ein utkant som vår, seier Ramstad. I staden for å bygge ned skulen, som ein kan vera redd for, bør det heller vera på sin plass å utvide tilbodet i Lom med andre liner.
Han får støtte av ungdomskandidaten til Arbeiderpartiet i Skjåk, Else Brujordet.
– Sjølv gjekk eg på Otta, og det tykte eg var heilt greit. Likevel er det mange som ikkje ynskjer å pendle eller bu på for eksempel Otta for å gå på skule. Skulen i Lom er viktig for å halde på ungdomen, seier ho.
Skjåk Ap meiner at ein ved å sjå på om ein kan utvide tilbodet, vil styrke og sikre eksistensen av skulen.
– For at Skjåk og dei andre kommunane i Ottadalen ikkje skal forgubbast, og at ei slik utvikling blir enda eit moment for fråflytting, er vi avhengige av at ein stor del av ungdomane våre kan bu i bygdene her. Det kan ein gjera ved å styrke skulen, i staden for å bygge han ned, seier Ramstad.
Det lokale partilaget meiner ein sterk skule i Lom vil styrke idrettsmiljø, kulturskule, mangfald, familieband og engasjement i bygdene.
Ramstad og Brujordet ber òg fylkeskommunen tenkje over eit anna moment: Det er ikkje sikkert dei som ikkje kjem inn i Lom vil søke seg til Otta.