For 41. gong er fjellredningsstasjonen i Lom operativ til påske.

Friviljuge hjelpekorpsfolk frå Lom og Skjåk, Norske redningshunder og helikoptermannskap starta laurdag påskeberedskapen.

Hjelpekorpsveteran Arve Nørjordet sto for den offisielle opninga og kunne samstundes fortelja at hjelpekorpset i Lom fylte 60 år fredag.

Fjellredningsstasjonen har mannskap på plass kvar dag til og med andre påskedag.

Stasjonen i Lom er eineståande, og mannskapa kan rykke ut til store delar av fjellheimen i Sør-Noreg om det trengst.

Det har etterkvart vorte ei utfordring å rekruttere firviljuge til denne type teneste, mykje på grunn av at det blir stilt svært høge krav til hjelpekorpsmannskapa som gjer ein viktig friviljug innsats.

Det blir også forventa at dei rykker ut, utan at dei føler dei får så mykje att for det.

- Vi må faktisk pante tomflasker for å halde drifta i gang, sa operativ leiar i Skjåk, Kai Rune Kveen, til Fjuken tidlegar denne veka.