Det var onsdag at dei to maskinistane Egil Preststulen og Jens Arne Finsrud i energiselskapet AS Eidefoss kom over eit reinsdyr som var i nød da dei var på arbeid.

– Vi skulle inn i Smådøla Kraftverk da vi vart var reinen som hadde rota seg inn i trådgjerdet. Det var fleire reinsdyr der, men dei flykta da vi gjekk ut av bilen, fortel Finsrud til Fjuken.

Han filma hendinga som viser at kollega Egil Preststulen hjelper den uheldige reinen med å kome seg laus.

Jens Arne Finsrud fortel at han og arbeidskollegaen fekk «sikra staden» etter at reinen var frigjort frå gjerdet.

– Det såg ut til at eitkvart kan ha vore gjerda inn der i sommar, også har gjerdet rett og slett kollapsa. Men vi fekk fjerna det, slik at det ikkje oppstår ein liknande situasjon, seier maskinisten i AS Eidefoss, som ikkje tykkjer det var særleg behageleg å sjå reinen som var i nød.

Det var ikkje andre personar i området på det aktuelle tidspunktet, og Finsrud er glad for at han og kollegaen fekk auge på reinen, slik at dei fekk redda dyret.