Dagleg leiar Martine Hårstad i Jotunheimen Turistinformasjon (JT), kan fortelja at ein delegasjon (bildet) frå selskapet og politikarar, nyleg var på Røros for å studere destinasjonsbygging der.

590.000

Selskapet ho leier er under etablering, og har søkt Lom kommune om eit tilskot på 590.000 kroner for å etablere turistinformasjonen på Coop Mega, midt i Bergomsgarden. Selskapet har òg søkt Sparebank1 Lom og Skjåk om 100.000 kroner.

- Vi er avhengig av denne støtta, og vi arbeider med etableringa av turistinformasjonen som om denne støtta blir gjeven, seier dagleg leiar i Jotunheimen Turistinformasjon, Martine Hårstad.

50 bedrifter har nå skrive under intensjonsavtalen for JT.

+ 300.000

Samstundes har Norsk Fjellmuseum søkt kommunen om 300.000 kroner til drift av sin turistinformasjon på museet.

Fjellmuseet la nyleg fram storstila planar om ei utbygging til 24 millionar kroner.

Les: Fjellsenter til 24 millionar

+ 400.000

Den regionale reiselivsorganisasjonen Nasjonalparkriket, som skal drive overordna marknadsføring av Nord-Gudbrandsdalen, søkjer på si side eit kommunalt bidrag på opp mot 400.000 kroner.

= 1.290.000

Lom kommune har sett av 550.000 kroner til reiseliv i årets budsjett. Det er 740.000 kroner mindre enn det er bede om. Kva politikarane vil gjera med dette reknestykket får ein snart svar på.

Det er ikkje lenge før turistane kjem.