43 av 55 tilsette er organisert i Fellesforbundet, og Interfil er på lista over bedrifter som kan bli tekne ut i streik.

Dette kan få store konsekvensar for den største private verksemda i Skjåk.

– Kundane våre skal sjølvsagt ha det dei bestiller innan stutt tid. Får dei ikkje det vil det føre til at dei ser seg om etter andre leverandørar, seier hms- og kvalitetsansvarleg, Sissel Lassemo.

Hovudtillitsvald på Interfil, Mariann Rustad, er i Oslo og er med på forhandlingane mellom partane i konflikten. Egil Sva, nestleiar i klubben på Interfil, vil ikkje seia så mykje om det som skjer eller kan skje.

– Det eg vil seia, er at vi naturlegvis håpar på ei løysing slik at det ikkje blir streik, seier han.

Partane, Fellesforbundet og Norsk Industri, har, gjennom tvungen mekling, døgna fram til natt til sundag på å bli samde om punkt som går på pensjon og sosial dumping.