Marlo bru på fv2646 i Skjåk har vore flaumskadd fleire gongar. Brua vart stengt i mars 2021 fordi éin av pilarane måtte reparerast. Arbeidet vart forseinka på grunn av høg vassføring i fjor haust, og Marlo bru vart difor ikkje opna att før 7. april i år.

Nå blir Marlo bru stengt for biltrafikk i to periodar, medan entreprenøren gjer seg heilt ferdig med arbeidet.

Det opplyser Innlandet fylkeskommune.

Fyrste stengeperiode blir 13. og 14. juni.

– Måndag 13. juni blir brua stengt frå klokka 12.00 til 20.00. Tysdag 14. juni blir brua stengt mellom 07.00 og 19.00, opplyser kommunikasjonsrådgjevar for samferdsel, Kari Hermanrud.

Neste periode blir i samband med dekkelegging frå 18. juni til 1. juli. Da vil Marlo bru få eit spesialdekke som skal tåle mykje og vare lenge.

Innlandet fylkeskommune opplyser at det blir mogleg å gå og sykle over Marlo bru i båe stengeperiodane i juni.