Natt til tysdag vart det sett i gang leiteaksjon etter ein mann i tredveåra. Han  skulle ut på skitur i retning Tjønnholstind sør i Jotunheimen, og gjekk ut cirka klokka ti om føremiddagen måndag.

Mannskap frå Vågå røde kors hjelpekorps, Sea-King-helikopter og politihelikopter vart i morgontimane sett inn i leitinga.

Rett før klokka sju tysdag morgon melder politiet at det er gjort funn av ski og sekk på Steinflytind, og at det er lokalisert eit skred ned mot nørdre Tjønnholet. Dette området er utilgjengeleg, og ei alpin redningsgruppe er varsla.

Politiet melder elles at det er observert noko som kan vera eit klesplagg i skredet.