foto
Anders Kristian Nordnes takka ja da han vart spurt om å bli rektor ved Norsk fjellfagskule på Åndalsnes. Bak etableringa av fjellfagskulen står Nortind, ein organisasjon Nordnes har vore knytt til i meir enn 20 år som forretningsførar/sekretær. Han vart i 1998 godkjent som tindevegleiar, og er i dag ein av 90 godkjente i Norge. I løpet av november venter ein på godkjenninga som fagskule for å utdanne skiguidar og tindevegleiarar.

Fyrste rektor ved Norsk fjellfagskule: – Er heldig som får drive med noko som interesserer meg

– Eg er så heldig som så seint i det yrkesaktive livet får tilbod om å prøve noko nytt, sier Anders Kristian Nordnes. I haust byrja han som rektor ved Norsk fjellfagskule.