Tunet på Nordigard Ramstad var stappfullt da det vart opna gardsbutikk. Det er ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad i Gudbrandsdalsegg som står bak den flotte landhandelinspirerte gardsbutikken som har fått namnet «Ramstadbue».

I strålande solskin hadde eit hundretals personar teke turen for å få med seg opninga som vart starta med ein flott minikonsert med den folkekjære artisten Anita Hegerland og gitarist Espen Rogne.

Etter konserten vart døra til gardsbutikken opna, og folk strøymde til. Det var lang kø, og det gjekk ikkje mange minutt før den fyrste handelen var gjort. Inne i butikken finn ein kaker, knekkebrød, drops, lakris, te, hardbrød og mykje anna. I tillegg er det fleire sitjeplasser inne i butikken for servering.

Vertskap og drivarar av Gudbrandsdalsegg, Gudrun og Odd Joar Ramstad, var svært nøgde med dagen.

– Dette var overveldande. Vi er utruleg tilfredse med dagen. Så mykje folk som kosar seg, og så fint vêr. Vi er også svært tilfredse med sjølve gardsbutikken, sjølv om det ligg ufatteleg mykje arbeid bak. Det er ikkje til å leggje skjul på at vi er ganske slitne nå, seier Gudrun og Odd Joar.

Dei hadde varta opp med nykokte smultringar, sveler, mange slag kaker, kaffi og bringebærsaft til dei mange frammøtte.

Gardsbutikken på tunet på Nordigard Ramstad er husa i eit gamalt laftahus frå 1700-1800-talet som har stått i Skjåk, og vertskapet fortel at butikken vil halde ope nokre timar tre laurdagar i september, i fyrste omgang.

Under opninga laurdag ettermiddag kunne Gudrun Ramstad avsløre at Gudbrandsdalsegg har ein pengesjekk på 30.000 kroner som dei skal sende til Kirkens Bymisjon.

– Vi har bestemt at ei krone av kvar eggkartong vi sel, skal gå til ungdomsarbeid i Kirkens Bymisjon, og på om lag eit år har vi nå fått inn 30.000 kroner som vi skal sørgje for kjem fram dit det skal.