– Rein natur, ryddig og rein bygd, gjestfri og nyskapande. Slik vil vi gjerne profilere oss i Lom. Difor har vi nå konkret utfordring til dykk, heiter det i brevet som er stila «til alle gode krefter i Lom kommune».

Skulen seier dei sjølve, barnehagane, friviluge lag, velforeiningar, private og det offentlege kan gå saman om dette tiltaket.

– Gjer kvar og ein av oss det vi kan, får vi dette til! skriv skulen.

Loar skule ber om at alle gjer ein ekstra innsats i nærmiljøa sine, i dag den 30. april. På miljøstasjonen blir opningstida utvida til klokka 21.

– Vi vil jo gjerne vera gjestfrie og nyskapande, heiter det i brevet der ein elles syner til alle arrangement og hendingar som skal skje i Lom i vår og sommar.

Loar skule håpar at alle tek denne utfordringa og finn fram rive, trillebår, sekkar og alt som trengst for å rydde torsdag.