Politiet skulle inndra våpena til ein person, men vedkomande var ikkje samarbeidsviljug.
– Politiet på staden følte seg utrygge, og trekte seg ut. Dei prøvar nå å løyse situasjonen med dialog. Det skal ikkje vera losna skot, fortel vakthavande ved politikammeret på Lillehammer.
Det er fleire politieiningar på staden. Politiet ber folk om å halde seg unna området solsida i nedre Bøverdalen inntil vidare.