Politiet fekk laurdag klokka 12.23 melding frå eit ungt par som var på skitur mellom Memurubu og Glitterheim i Jotunheimen. Det norske paret har overnatta i telt frå fredag kveld og skulle fortsetje turen laurdag. Dårlege vertilhøve gjorde at paret mista den stikka løypa.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken opplyst at politiet har vore i kontakt med paret på telefon, og at dei laurdag ettermiddag var i ferd med å grave seg ned i nærleiken av Stygghøbreskaret, i påvente av hjelp. Det er sterk vind i området, og det vart laurdag gjort forsøk på å ta seg inn med helikopter, men dette lykkast ikkje.

Operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt fortel at det klokka 13.54 vart sendt fire snøskuterpatruljar frå Vågå Røde Kors innover mot området mellom Memurubu og Glitterheim. Rett før klokka 15 var patruljane i Memurudalen.

– Utfordringa blir å kome seg inn til personane. Det er svært utfordrande vertilhøve, seier operasjonseleiaren.