Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Stiftelsen Norsk Kulturarv og Arne Brimi – i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB.

Siden 2013 har lærarar og barnehagelærarar vore på kurs hjå Brimi & Co, noko som har resultert i at mellom 40.000 og 50.000 barn og unge har vorte aktivisert innan mat og ernæring.

I neste års utgåve av Norsk Smaksskule er det kurs i Oslo, Tromsø, Stavanger, Trondheim og på Arne Brimis Vianvang i Vågå. Kurshaldarar er stjernekokker som Arne Brimi, Wenche Andersen og Mikael Forselius, samt Einar Risvik, som er ein av Norges fremste forskarar på mat og kosthald.

– Vi har kurs over heile landet, og har aldri hatt betre geografisk spreiing på kursa. Vi gler oss verkeleg til å ta i mot haustens deltakarar, seier Tor Valdvik, leiar for Norsk Smaksskule i ei pressemelding.

Initiativtakar for Norsk Smaksskule er meisterkokken frå Tessand - kjent frå «Gutta på tur», Arne Brimi.

Han er utruleg stolt over utviklinga Norsk Smaksskule har hatt så langt.

– Norsk Smaksskule skal lære barn å bli kjent med de opphavlege smakane, og få kjennskap til og kunnskap om kor maten kjem frå. Slik kan dei bli trygge på sin eiga identitet, samt bli bevisste forbrukarar i framtida, seier Brimi.

Les meir om Norsk Smaksskule på Norsk Kulturarv si heimeside.