Det 43. Heimfjelløpet gjekk av stabelen ved Lemonsjøen sundag.

42 løparar og tolv trimmarar stilte til start i dette tradisjonsrike turrennet.

Raskast av alle var Arild Skriden frå Skjåk som vann med tida 1.17,42. Han var fem sekund føre Ole Amund Øvstehage frå Vestringen. Dei to leia det 24 kilometer lange rennet frå start til mål, og det var skjåkværen som gjekk fyrst over målstreken på det blåe føret.

Nummer tre vart 64 år gamle Sigvald Øyberg frå Skjåk som gjekk heilt utan festesmurning. Nå skal han også stake seg gjennom Birken som går laurdag 12. mars.

Raskast av damene var Anniken Riksaasen frå Vågå som vann sin fjerde siger i turrennet. Nummer to var Helen Bjørklund, Vågå, som gjekk rennet for 24. gong.

Les meir frå Heimfjelløpet i avisa torsdag.

Anniken Riksaasen var raskast i dameklassa. Foto: ARVE DANIELSEN