– Både Vågå og Sel har ei utfordring om å bli betre og meir bevisste i arbeidet med demente, sa ordførar Iselin Jonassen etter at ho og kollega Dag Erik Pryhn hadde signert samarbeidsavtalen med Nasjonalforeininga for folkehelsa på Frivilligsentalen i Vågå.
Kampanjen tek sikte på å leggje til rette i lokalmiljøet slik at også personar med demens lettare kan delta i vanlege kvardagsaktivitetar. Så langt er 60 norske kommunar med.
I dag lever over 77.000 nordmenn med ein demenssjukdom og mange av desse bur framleis heime. Kampanjen retter seg ikkje til innhaldet i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, men til alle som kan bidra til ein betre kvardag for personar med demens.
Kampanjen går ut på å spreie kunnskap blant tilsette i ulike yrkesgrupper som til dømes i butikkar, banker, apotek, transport, om kva demens er og korleis ein kan gje god service til personar med demens. På den måten kan det bidra til at det blir lettare for personer med demens å utføre vanlege kvardagsaktivitetar. Som til dømes å handle, bruke offentleg transport, gå til frisøren, handle på apoteket, ta drosje, vere i fysisk aktivitet, bruke kulturaktiviteter som bibliotek, kino og konserar.
– Eit meir demensvennleg samfunn handlar om å møte personer med demens på en god måte, sa Elisabeth Skarderud, dagleg leiar for Nasjonalforeininga i Oppland, da ho takka og ynskte lykke til.