Odd R. Solheim sa opp jobben som kommuneoverlege i februar og slutta i september.

Nå har han søkt stilling som privatpraktiserande fastlege, ei stilling Skjåk kommune har streva med å få søkjarar til.

Den opprinnelege søknadsfristen var 15. mai. Da kom det ikkje ein einaste søkjar. Skjåk kommune valde derfor å utvide søknadsfristen til 1. juni. I tillegg vart stillinga annonsert i både Sverige og Danmark, i håp om respons.

– Innbyggjarane tykkjer legesituasjonen i Skjåk er utfordrande, i alle fall slik eg oppfattar det. Derfor ynskjer eg å ta ei økt til, rett og slett gje ei hjelpande hand fram til ei anna løysing er på plass. Eg håpar det kan koma på plass ein ung lege i løpet av neste år. Det er viktig at dei to legane vi har blir verande. Dersom dei blir for hardt pressa over tid, kjenner eg på ei uro for at Skjåk kan risikere å misse dei. Derfor tek eg dette grepet: Eg søkjer jobben og så får vi sjå kva som skjer, seier Solheim.

– Det er ei kjend sak at du det siste året har hatt eit ganske konfliktfylt forhold til rådmann og kommunalsjef i Skjåk kommune. Trur du søknaden din kan bli oppfatta som ein slags provokasjon?

– Eg håpar og trur ikkje det. Som eg sa: Fokuset mitt er innbyggjarane. Kva forhold eg har til rådmann, kommunalesjef eller ordførar, for den del – er underordna. Når eg er lege, er eg profesjonell lege, svarar Solheim, som er glad det vart fleirtal i formannskapet for å ta inn att den tredje legeheimelen.

Etter det Fjuken kjenner til, er det to til som har søkt den ledige legestillinga i Skjåk. Søknadsfristen går ut i dag, torsdag.