Mange dreg til fjells i påska, og som vanleg er ivrige og dedikerte hjelpekorpsfolk klare til å rykke ut dersom ulykka skulle skje.
På fjellredningsstasjonen i Lom starta påskeberedskapen laurdag ved høgst dag.
Friviljuge hjelpekorpsfolk frå Lom og Skjåk, skredekspertar, Norske redningshunder og helikoptermannskap er på plass på fjellredningsstasjonen, som har mannskap på plass kvar dag til og med andre påskedag.
Leiar i Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps, Tåsten Nordal, fortel at dei også har korpsmedlemar på turisthyttene Glitterheim og Sognefjellshytta i påska, som er klare til å rykke ut om uhellet skulle vera ute.
– Med stort og smått av hendingar var mannskapet på fjellredningsstasjonen ute på 5-6 oppdrag gjennom påska i fjor. Vi er godt rusta, og klare til å hjelpe til, seier Nordal.
Allereie kvelden før påskeberedskapen var på plass, var Røde Kors ute på eit redningsoppdrag. Fredag kveld måtte ein mann i slutten av 30-åra hentast innanfor Spiterstulen.
– Mannen hadde vore på topptur på ski, og køyrde utfor. Han vart skada og vart liggjande, og ringde etter hjelp. Han vart plukka opp av ein snøskuterpatrulje frå Røde Kors, og frakta vidare til Trondheim med luftambulanse, fortel operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt.
Tåsten Nordal i Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps oppmodar folk om å halde seg oppdatert på vêr og føre.
– Og kanskje det aller viktigaste: bruk sunn fornuft! seier Nordal.
Også i Vågå er Røde Kors Hjelpekorps nå i påskeberedskap. Her er hjelpekorpset stasjonert på Maurvangen i Sjodalen.
På NVEs nettside varsom.no finn du alltid oppdaterte skredvarslar og anbefalingar.