Dei beste frikøyrarane i landet var samla i Vågå i helga. Da vart frikøyringskonkurransen Høkkers Invitational arrangert i den stupbratte fjellsida på Lemonsjøen Alpinsenter.

Bortimot 30 råtassar av båe kjønn stilte til start i det spektakulære og publikumsvenlege rennet som gjekk føre seg i strålande påskevêr.

Førehandsfavoritten som har vunne rennet to år på rad, Robert André Ruud frå Ål i Hallingdal, tryna og kom seg ikkje ein gong til superfinalen i herreklassa i år. Det gjorde derimot Dennis Risvoll, Erik Næss, Øystein Aasheim, Mats Mikalsen, Erland Skogum, Petter Hørthe, Benjamin Forthun, Andreas Roer Madsen og Stinius Skjøtskift.

Det vart trippel Høkkers i herreklassa. Dennis Risvoll frå Vågå vann konkurransen og stakk av med 50.000 kroner. På andreplass kom Erland Skogum frå Heidal, medan Øystein Aasheim frå Vågå kom på tredjeplass. Alle tre er medlemar i den lokale klubben Trollhøe Høkkers, som også er arrangør for konkurransen.

Det var tidlegare juniorverdsmeister Synnøve Medhus frå Røldal som vann kvinneklassa i årets Høkkers Invitational. Også i denne klassa var fyrstepremien 50.000 kroner. Lisen Strøm kom på andreplass, og Lilly Murud på tredjeplass.