Av Terje Lisødegård

Jømna Heradsbygd frå Elverum vann finalen 2-1, etter 1-1 ved pause. Målscorar for Vågå var Trond Einstulen.

Det vart ein svært jamn kamp, som like godt kunne enda med Vågå-siger. Nokre minutt før slutt hadde Vågå ein ball i treverket, og andre moglegheiter som kunne enda med scoring.

– Det var ein jamspela kamp. Jømna Heradsbygd er det beste laget vi har møtt i år, og vi spela jamt med dei, seier trener Odd Aurmo til Fjuken.

Vågå er kvalifisert til opprykk til 5. divisjon neste sesong etter at laget vann serien.

– Vi har bestemt oss for å bli i 6. divisjon også neste sesong. Dersom vi skal spela i 5. divisjon, må vi reise langt, veldig langt, annakvar helg. Det kan dreie seg om reiser til Hamar-området, Gjøvik og heilt til Lunner på Hadeland. Spelarane er rett og slett ikkje interessert i å bruke helger på reiser, og det har eg full forståing for. Hugs at spelarane våre også har arbeid og skule, seier den sindige trenar Odd Aurmo.

Kampen i Øyer laurdag enda sørgjeleg for Vågås toppscorar Trond Einstulen. Han vart liggjande med sterke smerter i ryggen etter ein duell på overtid av kampen. Han vart køyrt til sjukehuset på Lillehammer for undersøkingar av ryggen. Episoden såg alt anna enn hyggeleg ut der spelaren vart liggjande på bana i nærare ein halv time før sjukebilen kom til staden.