50 norske fotografer er representert i ei fotoutstilling som denne veka opna i lokala til Hellenic Photographic Society i Athen.

Fotografia som er utstilt, er frå årboka for 2015 til Norsk Selskap For Fotografi.

Vagværane Kjell Stålevik og Rune Hermansen er to av autorane som har sine bilder på utstillinga i den greske hovudstaden. Stålevik er medlem i Vågå kameraklubb, Hermansen i Linselusa på Vinstra.

Tittelen på bildet til Stålevik er «Telttur». Bildet til Hermansen har tittelen «Morgenstemning ved Voldsdammen».

I tillegg er det ein tredje døl som deltek på utstillinga; Jon Stensrud frå Vinstra.