Innlandet fylkeskommune eig og driftar bortimot 7.000 kilometer fylkesveg.

– Entreprenørane er nå klare til vinterdrift av fylkesvegane, noko som omfattar brøyting, strøing og salting. Ei god vinterdrift er viktig for framkomme og trafikktryggleiken på vegane, seier Arne Fredheim, seksjonssjef for veg i Innlandet fylkeskommune, i ei pressemelding.

Fredheim fortel vidare at Innlandet fylkeskommune har utarbeidd ein standard som definerer korleis fylkesvegane skal driftast. Dei viktigaste vegane blir brøytt fyrst.

– Standarden har tidsintervall og fristar for når og kor ofte ein skal brøyte og strø vegen. Intervalla avheng mellom anna av kor mykje trafikk og kva vinterdriftsklasse vegen har, seier seksjonssjefen.

Eit tidsintervall er den tida det tek mellom kvar gong eit bestemt punkt på vegen blir brøytt og/eller strødd ved nedbør. I fylgje Innlandet fylkeskommune varierer intervallet frå to til seks timar.

Fredheim seier at dei viktigaste vegane blir brøytt og strødd fyrst, og at desse vegane også blir brøytt og strødd oftast.

Innlandet fylkeskommune opplyser at brøytemannskapa baserer sitt arbeid på mellom anna vêrprognoser.

– Av og til slår prognosene feil. Dette gjer at entreprenørane kan koma på etterskot i sitt arbeid, men entreprenørane og vi i fylkeskommunen gjer alt vi kan for at fylkesvegane til ein kvar tid skal vera så framkommelege og trafikksikre som mogleg, seier Arne Fredheim i fylkeskommunen.