Pressemelding

– Vi er bekymra for at så mange fortsatt ikkje har fornya førarkortet. Nå hastar det for dei som vil fortsetja å køyre etter nyttår, seier avdelingsdirektør Lill Tove Amundsen i Statens vegvesen.

Kan ikkje køyre etter nyttår

1. januar 2023 er ikkje førarkort som er større enn bankkort lenger gyldig. Det betyr at du ikkje har lov til å køyre. Viss du vil fortsetja å køyre må du fornye førarkortet innan utgangen av 2022. Du får førarretten attende når du eventuelt fornyar førarkortet på eit seinare tidspunkt.

5.000 kr i bot

Om du køyrer med eit ugyldig førarkort, risikerer du 5.000 kroner i gebyr. Frå april blir du anmeldt viss du blir stoppa i kontroll. Dersom ein blir stoppa gjentatte gonger i løpet av dei fyrste tre månadene kan du også risikere anmeldelse.

Du må ta nytt bilde på ein trafikkstasjon for å fornye førarkortet ditt.

Statens vegvesen godtek følgjande legitimasjon:

  • norsk bankkort med bilde og fødselsnummer

  • norsk pass (ikkje nødpass)

  • norsk nasjonalt ID-kort (med og utan reiserett)

  • norsk førerkort utstedt etter 1. januar 1998

  • norsk digitalt førerkort

  • Forsvarets ID-kort

  • norsk sjøfartsbok

PS. Har du diabetes må du òg sjekke om du har gyldig førarkort. Det er nye reglar også om dette. Sjå vegvesenets heimesider