– Det er kjempeartig med eit slikt resultat. Eg trur at mykje av bakgrunnen for dette ligg i dei endringane vi har gjort det siste året, med eit tydeleg digitalt grep, med gode saker, og sist, men ikkje minst at ottadølane veit kvar dei finn informasjon om det som skjer i dalføret vårt.

Det seier redaktør og dagleg leiar i Mediehuset Fjuken, Hans Erik Kjosbakken.

Redaktør og dagleg leiar Hans Erik Kjosbakken tykte det var utruleg stas å sjå opplagstala onsdag. Foto: Ola Ø, Rossehaug

Onsdag denne veka la Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram dei offisielle opplagstala, som er ei måling av korleis media blir lese - kor mange som betaler for å lesa avisa.

Dei ferske opplagstala, der netto opplagstal for andre halvår 2023 er samanlikna med andre halvår året før, viser at Mediehuset Fjuken har grunn til å feire.

Fjuken hadde nemleg ein opplagsauke på heile 324 ved nyttår, og hadde da eit godkjent opplag på 4.129, mot 3.805 ved nyttår året før.

Dette er ein auke på 8,52 prosent. Fjuken er med det blant opplagsvinnarane blant alle dei i alt 18 avisene i Innlandet.

I prosent er det berre avisa Mitt Kongsvinger som har betre opplagsauke enn Fjuken i Innlandet, med sine 9,54 prosent.

– Dette er artig. Samstundes så veit vi at ting kan endre seg fort i mediaverda, så vi kan ikkje kvile på dette glimrande resultatet, men må halde trykket oppe, seier Kjosbakken.

Tomas Bruvik er generalsekretær i LLA, der Fjuken er medlem. Bruvik kommenterer opplagstala slik:

– Det er gledeleg å sjå at lokalavisene står sterkt blant folk landet rundt. Våre stabile opplagstal viser at redaktørstyrte lokalaviser lagar journalistikk som er verd å betale for. Lokalavisene er også ein nyttig marknadskanal for nasjonale og lokale annonsørar, seier LLAs generalsekretær.

Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik. Foto: LLA

Dei ferske opplagstala viser at Fjuken også har god vekst digitalt, med 470 fleire digital-abonnement andre halvår 2023, samanlikna med andre halvår 2022.

Her er opplagstala for Fjuken sine naboaviser:

(Les du artikkelen på mobilen; scroll deg til høgre i tabellen for å sjå meir info/tal)

AvisTotal andre halvår 2023Total andre halvår 2022EndringEndring i %
Fjuken4.1293.805+324+8,52
Vigga2.4762.292+184+8,03
Dølen4.5074.469+38+0,85
Norddalen2.4192.468-49-1,99
GD22.43722.685-248-1,09
Valdres9.3809.449-69-0,73
Fjordingen3.9923.902+90+2,31