Det var fredag morgon at Fjuken vart tipsa om at det stod ein lastebil på riksveg 15 vest for Felleskjøpet i Skjåk. Tipset gjekk på at lastebilen, som var lasta med glasopor, hadde mista delar av lasten i vegen.

Ved politikontoret i Lom hadde dei akkurat fått melding om hendinga da Fjuken tok kontakt.

Klokka 9.30 fredag opplyser vegtrafikksentralen i Statens vegvesen at det er redusert framkomme på riksveg 15, og at politiet er på veg til staden.

Rett før klokka 10.30 melder Statens vegvesen at riksvegen er rydda.

Frå politiet får Fjuken fredag føremiddag opplyst at hendinga vil bli fylgd opp vidare.

– Vi har oppretta sak, opplyser politiet.

Det var vest for Felleskjøpet i Skjåk at lastebilen mista delar av lasten fredag morgon. Foto: Tom Erik Solstad