Gamalt kart over dovre og lesja. Brustugu eller «Broen» finn ein omtrent midt på kartet. Kristians-amt nr 3: Chart over Dovre Bøygden Annexet til Lessøe Præstegield i Gullbrandsdalen, handteikna av Chr. Basballe i 1758-1759. Foto: Kartverket, amtkartsamlinga

Kortspel med dauden til fylgje - ei krimsak frå 1738

Som mange andre fjuklesarar høyrde eg historiar om Kristen fange og Sperstadfantane, om drapet på Guttorm Enstad, skreppekremarar og rike fruer på gjennomreise. Både fortalt av besteforeldre og etter kvart oppsøkt i lokalhistorisk litteratur. Når det no er påske, meiner eg at det passar bra med ei krimsak. Eg har drege fram ei sak som kom opp i kjølvatnet av og med folk frå den nære krinsen til dei nemnte brotsmennene: forsvinninga til Martin Grimstad i pinsa 1738.