Kl.07.56 vart det oppdaga straumbrot lokalisert i Rindalen i Heidalsskogen.

– Det er ei utfordring med framkomsten nå grunna stengte veger, så ting tek litt ekstra tid, seier dagleg leiar i Fjellnett, Vebjørn Haugen.

Han ber folk om å følgje med på kartet for straumbrot på Fjellnett sine heimesider.

- Vi har dessverre ikkje kapasitet til å ta imot alle henvendingar, seier Haugen vidare.

– Men gje gjerne beskjed om dykk har sett noko som kan vere viktig informasjon for oss, legg han til.

Haugen oppfordrar og folk til lade opp telefonar og ruste seg med reservelager av det ein er mest avhengig av. Særleg vatn.