– For eit år sidan gav vi alle fyrsteklassingar over heile landet moglegheit til å delta i skulefritidsordninga. Nå er det andreklassingane sin tur til å kunne delta, uavhengig av foreldra si lommebok. Dette er ei historisk utviding av fellesskulen. SFO er viktig for barnas venskap, læring og aktivitet, og det er bra for at foreldra skal kunne arbeide, seier kunnskapsminister Tonje Brenna til Fjuken.
Familiane til nær 60.000 elevar vil spare rundt 20.000 kroner i året på at SFO blir billigare. Det opplyser kunnskapsdepartementet.
Regjeringa innførte ei nasjonal ordning med 12 timar gratis SFO i veka for fyrsteklassingar hausten 2022. I august blir ordninga utvida til å gjelde også for andreklassingar.
12 timar gratis SFO i veka tilsvarar ein deltidsplass. I dag kostar ein slik plass i snitt 1.924 kroner per månad. Tidlegare undersøkingar har vist at pris er ein viktig årsak til å ikkje bruke SFO. Med innføringa av 12 timar gratis SFO for 1. klasse hausten 2022, vart det i fylgje kunnskapsdepartementet sett ny rekord i deltaking.
Ordninga med gratis SFO vart fyrst lansert i Hurdalsplattformen. Sidan har den vorte fylgd opp som nasjonal ordning gjennom budsjettforliket mellom regjeringspartia og SV, fyrst for 1. trinn frå hausten 2022, deretter for 2. trinn frå hausten 2023.
Kommunane skal gjeva foreldra tilbod om å fordele dei 12 veketimane på alle dei dagane det vanlegvis er eit SFO-tilbod, så langt det er praktisk mogleg.
Dersom kommunar har SFO i feriane, må kommunen tilby elevar eit gratis tilbod i delar av denne tida, opplyser kunnskapsdepartementet.
Innføringa av gratis SFO for andreklassingar kostar 1,55 milliardar kroner for skuleåret 2023–2024.
Kunnskapsdepartementet kan elles opplyse at barnehagen blir gratis frå tredje barn for foreldre som har fleire barn i barnehagen samtidig. Dette vil gjelde rundt 3.000 barn i landet, og gjeld frå 1. august. Slike familiar vil spare rundt 24.000 kroner i året, opplyser departementet.