– Fleire gløymer å registrere bilen og det kan fort bli ei dyr forgløyming. Vi ser ein auke i antal avregistrerte og uforsikra køyretøy i trafikken. Om du brukar eit køyretøy som er avregistrert får du eit gebyr på 5.000 kroner og skilta blir inndregne, seier Heidi Øwre i Statens vegvesen, som understrekar at manglande forsikring likevel kan gje den mest dramatiske konsekvensen.

– Køyrer du med eit avregistrert køyretøy, har du heilt enkelt ikkje gyldig forsikring, åtvarar ho.

I fjor haust var det for fyrste gong mogleg å digitalt avregistrere køyretøyet sitt heimefrå – ei moglegheit svært mange nordmenn nytta seg av. Tida med å levere inn skilta på ein trafikkstasjon er dermed snart historie.

– Vi er glade for at kundane har fått ein enklare kvardag og slepp å møte på trafikkstasjonen for å levere og hente skilt. Ordninga fungerer stort sett veldig bra, men du må hugse å registrere bilen att.

Sjølv om du har fått ei avtale med forsikringsselskapet ditt, gjeld ikkje forsikringen før køyretøyet att er registrert hos Statens vegvesen. Når forsikringa er på plass, må du hugse å registrere køyretøyet på vegvesen.no. Køyretøy må også ha godkjent EU-kontroll, og det må ikkje vera andre manglar på køyretøyet.

– Vi er bekymra over at fleire køyrer rundt i bubilar, med campingvogner og på motorsyklar som ikkje er registrert. Kanskje tenkjer ikkje folk på det fordi skilta framleis er festa til køyretøyet?, spør Øwre og fortset:

– Dersom du er involvert i ei ulykke eller eit uhell, er det kun ansvarsforsikringa som dekkjer tap overfor andre partar. Ikkje gløym at viss du har avregistrert køyretøyet, er også ansvarsforsikringa automatisk sagt opp. Viss køyretøyet er uforsikra og du er involvert i ei ulykke, blir du økonomisk ansvarleg.

(Pressemelding)