– Det har vore arbeidd i over 50 år med flyplassplanane, utan at ein har lykkast. Det tek vi konsekvensen av. Vi vil heller bruke tida og kreftene på andre ting, ikkje minst når det gjeld arbeidet for betre vegar, seier Sverre Damstuen, leiar i partiet. Han peikar på at dei heller ikkje ser trafikkgrunnlaget som godt nok til å få realisert slike planar.

– Det finst ikkje mange flyplassar som går med overskot. Som regel går dei med underskot. Når heller ikkje regionrådet, fylket eller Nasjonal transportplan har flyplass på Tolstadåsen som eit prioritert mål, finn vi det ikkje formålstenleg å arbeide vidare med dette prosjektet. Da er det betre å bruke kreftene på anna samferdsel, som til dømes riksveg 15 og vegen over Valdresflya, seier Sverre Damstuen.

Han legg til at det sjølvsagt ikkje er opp til Vågå Ap å leggje flyplassplanane daude.– Men for vår del, Vågå arbeidarparti, vil vi ikkje bruke meir tid på denne saka.

Sverre Damstuen, leiar i Vågå Ap. Foto: Arve Danielsen