Det betyr at det kan bli opna for å byggje leilegheiter i andre etasje på forretningsbygg i Lom sentrum.

– Etablering av fleire sentrumsnære bustader i forretningsområdet i sentrum er positivt for Fossbergom som tettstad. Reguleringsplanforslaget er også i tråd med høyringsforslag til revidert kommunedelplan for Fossbergom. Ingen av høyringspartane har vesentlege merknader til hovudformålet med planen; etablering av bustader i 2. etasje på næringsbygg i sentrumskjernen. Tvert i mot er det i fleire av uttalene sagt at det er positivt at det blir lagt til rette for høg arealutnytting og sentrumsnære bustader, skriv administrasjonssjefen i saksutgreiinga.

Råmund Mundhjeld, eigar av Murgarden saman med broren Amund Mundhjeld, seier til Fjuken at det med dette vil opne seg fleire moglegheiter.

– Vi har ikkje heilt landa kva vi skal nytte andre etasje til førebels, men nå får vi fleksibilitet og moglegheiter til å tenkje i fleire retningar – og det er vi glade for, seier han.

– Det kan bli leilegheiter i andre etasje, men det kan òg bli andre ting. Det skal vi ta endeleg stilling til om ikkje så altfor lenge, legg han til.

Oppland fylkeskommune er blant dei som er positive. Fylkeskommunen skriv i si høyringsuttale at god arkitektur og eit tettstadsmiljø som bidreg til stadsidentitet og positive opplevingar er avgjerande for å skape attraktive tettstader for framtida.

– Bustader i sentrum vil bidra til auka aktivitet både på dag- og kveldstid og gje eit betre økonomisk grunnlag for handel i tettstaden, meiner Oppland fylkeskommune.

Formannskapet får saka til behandling fyrstkomande tysdag.