Ingen personar vart skadd da takoverbygget til inngangen til Landhandleriet og Pizzabakeren rasa saman torsdag kveld.

Fredag er alle butikkane på handelshuset stengt på grunn av mykje snø på taket og stor rasfare.

Tor Andvord kunne fortelje at det nå er folk inne på flattaket på loftet for å varme opp, med håp om at snøen skal løsne og skli ned av skråtaket av seg sjølv.

I løpet av dagen vil ein rydde taket for snø. Likeins ved takoverbygget i fronten av handelshuset.

Området rundt Vågå handelshus er sperra av.