Da statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Hanne Maren Blåfjelldal, var i Skjåk tidlegare denne veka, fekk ho vera med på «kaffeslabberas» i det spennande pensjonatet i Billingsdalen.Vertskapet, Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdingren, fortalde at dørene blir opna 1. juli.– Vi har tenkt at Arnstein og eg skal drive her sjølve. I tillegg har vi tre jenter som veks til. Vi meiner at vertskapet på ein slik stad skal vera til stades, sa Marianne Stensgård.I Billingen seterpensjonat vil dei by på god, lokal og ordentleg mat.– Turistane skal få ein smak av området, rett og slett. I tillegg til utsalet, maten og kafeen, har vi ni rom til overnatting i andre etasje, orienterte Marianne Stensgård.Billingen seterpensjonat ligg midt i smørauget på mange vis. Turistar stoppar gjerne for å sjå på og ta bilete av vatnet. Vidare er plassen eit informasjonspunkt, eit utgangspunkt for turar, diktarstig og kulturstig.