I over 30 år har Grotlirennet vore arrangert, og i helga er det nok ein gong duka for det årelange tradisjonsrennet på Grotli Høgfjellshotel i Skjåk.

– Opphavleg var Grotlirennet eit sundagsrenn med utfor, med trening på laurdag. Men da det vart stelt til ei Super G-løype på austsida av skiheisen, vart rennet utvida, fortel Stein Are Bergheim på Grotli Høyfjellshotel.

Laurdag blir det konkurranse i Super G og sundag i utfor.

Torsdag ettermiddag var det i fylgje Bergheim påmeldt mellom 80 og 90 deltakarar til Super G-konkurransen laurdag, og mellom 100 og 200 deltek i utfor sundag.

– Dessverre er det ikkje så mange lokale som deltek. Vi skulle gjerne sett at fleire frå Otta og vestover hadde meldt seg på Grotlirennet, seier Stein Are Bergheim. Han oppmodar ottadølane om å smørje skia sine, melde seg på og bli med.

Han fortel at alderen på deltakarane strekkjer seg frå heilt ned i fire år til over seksti.

– Dette er eit arrangement for heile familien. Det er sosialt og brukar å vere svært god stemning på desse renna, fortel Stein Are Bergheim og oppmodar bygdefolk om å vere med på moroa i helga.

Båe renna i helga er landsrenn som går innunder paraplyen til Norges Skiforbund. Konkurransen i utfor sundag er i tillegg eit kretsmeisterskapsrenn for Sogn og Fjordane Skikrins.

Arrangementet er eit samarbeid mellom alpingruppa i Stryn Turn & Idrettslag og Grotli Høyfjellshotel.