Det gjorde to godt vaksne karar, Kwang Moo Song og Moon Su Kwang, båe over 70 år gamle. Vi trefte dei ein kveld på Øyberg Sæter i Skjåk.

Vladivostok - Skjåk

– Vi køyrde frå Seoul til havnebyen Pusan sør i Korea. Frå der tok vi båt til Vladivostok i Russland. Deretter var det berre å leggje i veg gjennom Sibir og heile Russland - og nå er vi her, skrattar dei to blide karane.

Dei måtte riktignok vente fire dagar i Vladivostok for å få tollklarert syklane, og karane kjem med koreanske gloser i eit tonefall som fortel at det ikkje vart sett særleg pris på.

Lappen i fjor haust

Vi fekk ikkje sjekka triptellarane på syklane, men vi pratar 1.500 mil eller deromkring. Det er ein småtøff tur. Når vi i tillegg får høyre at Kwang tok motorsykkellappen i fjor haust, blir vi enda meir imponerte - eller kanskje skremde.

– Han er gal, ler Moon.

Han er ikkje stort «likare» sjølv, lappen hans er tre år gamal.

Dei skryter av den norske naturen og nordmenn generelt.

– Men vegane. Huff! Dei er så smale.

Europa

Frå Skjåk, gjekk vegen til Geiranger og frå der nedover til kontinentet der det høyrdest ut som dei skulle innom kvart eit einaste land.

13. juni starta eventyret for dei to pensjonistane, i midten av september går ferda austover att, men ikkje på sykkelsetet.

– Motorsyklane sender vi med båt frå Amsterdam før vi sjølve kjem oss til Berlin og flyg heim frå der, fortel Kwang.

Da har dei tilbakelagt titusenar av kilometer på motorsykkel.

Det er sjeldan å sjå koreanskregistrerte doningar på norske vegar. Over det lokale skiltet må ein ha eit internasjonalt skilt. Foto: Hans Erik Kjosbakken