– Det vart skrive ut fem forenkla forelegg for fart og eitt forenkla forelegg for trafikkåtferd, seier politioverbetjent i Utrykkingspolitiet (UP), Pål Tore Brendløkken.
Laurdag hadde UP fartskontroll i form av gjennomsnittsmåling i Ottadalen, men i fylgje Brendløkken var ikkje fartsoverskridingane store.
Sundag ettermiddag hadde ein lokal politipatrulje kontroll retta mot mobil- og bilbeltebruk på Rv15 ved Utgard i Lom. UP var også med på denne kontrollen.
Frå lensmannskontoret i Lom får vi opplyst at blant dei i alt ti kontrollerte, vart det gjeve eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte.