Det einaste politiloggen har å by på frå natta er ein hjort eller elg som vart påkøyrd på riksveg 15 i Skjåk like før klokka 23 laurdag kveld. Sjåføren som kom vestfrå meldte frå til politiet, men var i tvil om det var hjort eller elg. Viltnemnda vart sett på saka.

Sundag byr på sol og blå himmel. Nyt dagen i Ottadalen.

Det er ei fin tid vi er inne i, som her ved tjønna ved Grov i Vågå. Her er det spesielt tilrettelagt for rullestolbrukarar. Fjellstyret har bygd ein stor gapahuk og ny bryggje for rullestolbrukarar. Sommaren 2015 er det planar om å byggje ein do der.