Det har vore kretsmeisterskap i langrenn på Lillehammer i dag, og som førre helga var det glimrande resultat av løparane frå Lom.

Jo Mallaug vart kretsmeister i klasse G14 og Ola Aurmo fekk tredjeplassen i same klasse.

Reidar Aurmo fekk sylv i klasse 16 år, medan Oda Lund Aakre tok bronse i klasse 18 år.