Produksjonsselskapet Strix Televisjon er i full gang med førebuingane til innspelinga av årets «Farmen»-sesong, som blir den 12. i rekkja. Opptaka blir gjort i sommar.

Nå er produksjonsselskapet på leit etter ein eigna innspelingsstad til årets sesong, der ein gjeng deltakarar blir sett 100 år attende i tid.

Strix Televisjon har vendt seg til mange av landets kommunar, og Ottadalen er blant dei mange områda Strix håpar å kunne finne ein eigna «Farmen»-gard til årets sesong.

Produksjonsselskapet stiller ein del krav til området der «Farmen» skal spelast inn. Mellom anna må garden liggje heilt isolert frå omverda, og det kan ikkje vere synlege bygningar i nærleiken. Til større avstand det er til næraste nabo, til betre er det. Alle vegar til garden må også kunne sperrast av. Det er også krav om at det ikkje er straummastar eller andre moderne element frå vår tid i nærleiken av garden, som det ikkje går an å fjerne. Strix skriv også i brevet, som dei har sendt til mellom andre Lom kommune, at det må vere eit badevatn knytt til garden. Vatnet må liggje maksimalt 300 meter frå sjølve hovudhuset.

Eit ope landskap står høgt på ynskjelista til årets sesong, altså ikkje mykje skog. Strix Televisjon opplyser også at det ikkje treng å vere mange bygg på eigedomen, sidan mykje skal byggjast av produksjonsselskapet. Dei understrekar at det vil kunne bli gjort store endringar på sjølve garden og huset som blir brukt som arena til «Farmen»-innspelinga. Det er også eit ynskje frå produksjonsselskapet om flat mark.

Næringssjef i Lom kommune, Åshild Amundsen, har sendt Strix Televisjon forslaga som vart samla inn i fjor da produksjonsselskapet vende seg til kommunen om det same. Sjølv om næringssjefen har sendt inn tips om stader som kan vere aktuelle, tek ho gjerne imot nye innspel og forslag på eigna «Farmen»-gardar i Ottadalen.