Staten har oppmoda kommunane om å ta imot fleire flyktningar. I Skjåk ynskjer politisk og administrativ leiing å vera så godt førebudd som råd.
– Situasjonen er uoversiktleg. Vi ynskjer å informere innbyggjarane om saka, så godt det let seg gjera. Vi må minne kvarandre om at Skjåk er ein del av verda, og at vi truleg vil bli utfordra på å ta imot fleire flyktningar enn det vi har gjort vedtak om, seier rådmann Svein Holen.
Saman med politikarane ynskjer Holen å høyre kva innbyggjarane meiner, kva moglegheiter bygda har, kva moglegheiter reiselivsbedriftene har til å eventuelt ta imot flyktningar og dessutan få opp i ljoset eventuelle motførestillingar.
– Vi må prate saman, debattere, diskutere, sjå på løysingar og eventuelle problemstillingar. Å lufte alt dette i eit ope informasjonsmøte ser vi på som mykje betre enn å diskutere saka på blant anna Facebook, seier han.
Informasjonsmøtet skal truleg haldast måndag kveld 9. november.