Med sine sju mål gjekk Ingrid Sandviken frå Lom heilt til topps på toppskårarlista i J14-klassa.

Ingrid spelar til dagleg for Lom og var med i fotballturneringa «Lennart Johansson Academy Trophy» i Stockholm som gjestespelar for Stabæk.

Også tvillingsystera Rønnaug Sandviken var med som gjestespelar under turneringa i helga, og i alt stod dei to jentene for åtte av måla som vart skåra gjennom dei fem kampane dei spelte. Ingrid som altså stod for sju av dei, vart toppskårar i turneringa.

Stabæk sitt J14-lag hamna på ein femteplass i turneringa.