Sjølv om ikkje veret har vore heilt topp alle dagar i ferien, vil folk ut å sykle.

– Eg fekk ideen om å starte med sykkelutleige da eg tykte at dette tilbodet mangla, seier Sylfest Krogstad i Jotunheimen sykkelutleige i Lom.

I sommar har mange nytta seg av dette miljøvennlege alternativet. Krogstad fortel at det er særleg nordmenn og svenskar som har leigd syklar for dagsturar. Han har 17 syklar for utleige.

Sylfest Krogstad fortel at han ofte har køyrt syklar og turistar opp til Kvandalsvoll i Bøverdalen for sykkelturar om Neto, Burmavegen og ned att til Lom. Sykkelturar i Lia og Sålell har også vore populære turmål.

Krogstad har marknadsført med blant anna å leggje ut kort om tilbodet på turistinformasjonar og hotell i Lom. Han fortel at reiselivet har sett pris på tiltaket.

– Neste år har eg planar om å plassere syklar i Skjåk for utleige, seier Krogstad.