I fjor haust vart Simon Abraham Kidane valt inn i kommunestyret for Skjåk senterparti. Frå før har han fast jobb på Skeimo.

Simon Abraham Kidane har fått tilbod om ei 50 prosent fast stilling som flyktningkonsulent i Skjåk kommune. Det same har Elin Løkken, også ho frå Skjåk.

Båe to har takka ja til stillingstilbodet.