Nokre egg, ei rugemaskin og tre veker ventetid resulterte i 10 kjuklingar og mykje kos.

Nokre ekstra gode dagar og ei oppleving for bebuarane er sluttresultatet på dette prosjektet.

Medan kjuklingane er på Skjåkheimen bur dei i eit hundebur på dagsenteret, og om dei ikkje får besøk der, tek dei tilsette med seg bur og fuglar rundt på avdelingane.

Eit triveleg vårleg og friskt pust for både bebuarar, besøkande og tilsette.

Om ikkje lenge er ikkje kjuklingane så nette lenger og skal vidare til ny eigar.